Frisk nynorsk-krim med snert og humor

Postet av Geir Tangen den 20. Okt 2019

«Dei sju dørene» er ein kriminalroman. Uansett kor høgt forlaget eller forfattaren måtte protestere på det. Heile motoren i forteljinga er den private etterforskinga til hovudpersonen Nina, og jakten hennar på løysinga av kva det var som eigentleg skjedde med den forsvunne leigebuaren Mari Nilsen. Det er eit klassisk mysterium, ei gåte, eit puslespel. Og midt i det heile står privatdetektiven som protagonist, og det er hennar synsvinkel me fylgjer gjennom heile boka.


Agnes Ravatn er ein mester når det kjem til å teikna sylskarpe karakterar med brist og mangler. Og ho gjer det med ein morosam og leiken penn. Me humrar og ler av karakterenes lett gjenkjennelige krumspring i det daglege strevet. Vert glade i dei, alle som ein, og me kjenner oss att i situasjonar me sjølv har opplevd. Slik sett er dette ein strålande roman.

Når det kjem til det reint krimfaglege handverket så er det likevel litt å utsetje. Fine overraskande twistar, vel å merke, men boka manglar eit par klyper av det krydderet ein krimroman skal ha, og det er nerven, uroen og spenninga. Det går litt trått til tider. For mykje utanomsnakk og litt for mange kvardagslege familieintriger. Til tider slit eg litt med å halda tråden i dialogane og.

Men ... Om me vil få opp respekten for krimsjangeren som me er så glade i, så tykkjer eg at me skal prisa oss lukkeleg for at flotte, heilstøypte samtidsforfattarar som Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven no gjer slik Andre Bjerke, Knut Faldbakken og Ingvar Ambjørnsen har gjort før dei ... Skriv god krim!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc