Bouvetøya 2052 (2015)

Av: Lars Mæhle

Klima-thriller lagt til framtida Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet. Ein ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid? Mot si vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i eit spel på liv og død.



Powered by: Bloc