Der det finst fuglar (2020)
Av: Maren Uthaug , Ingvild Holvik
Eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? «Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. Frå dansk ved Ingvild Holvik.
3 Omtaler

Inga Rudi vurdert det 4/27/2020
Utrolig god bok. Interessant historie, og jeg likte spesielt oppbyggingen av historien fra de forskjellige personenes perspektiv.

Ingvild Røsberg vurdert det 3/17/2022

Anonym vurdert det 8/14/2020
Lest av

Ingvild Røsberg
Leste 4/28/2022

Gro Ness
Leste 11/7/2020

Anonym
Leste 1/1/1900

Sonja Hellevik
Leste 8/15/2020

Caroline Baker
Leste 6/22/2020

Inga Rudi
Leste 5/1/2020