Der det finst fuglar (2020)

Av: Maren Uthaug , Ingvild Holvik , Anders Eide

Ein litterær pageturner. «Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? «Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. Frå dansk ved Ingvild Holvik.



2 Omtaler

Lisbeth Kingsrud Kvisten vurdert det 10/2/2020

Mørk, dyster, frastøtende, og fascinerende. Basert på forfatterens egen familiehistorie.

· 0 kommentarer

Bjørn Tore Grøntvedt vurdert det 7/14/2020

Denne måtte jo jeg som er fra område handlingen foregår lese.
Ekkel bok med innviklede forhold. Tabuer frem i lyset og om harde liv og trange kår.

· 0 kommentarer