Norsk sakprosafestival

Arrangør: Hele Norge leser

Tid


Sted


Beskrivelse




(Bildet er en screenshot fra Norsk sakprosafestival  https://www.facebook.com/events/999752920235485/)

Det er klart for årets store kunnskapsmønstring: Fakta- og kunnskapsdagen, debattparadiset Norsk Sakprosafestival skjer som vanleg på Litteraturhuset i Oslo, og er som alltid ope for alle, og stort sett gratis. Her får du sjå og lytte til nokre av dei viktigaste sakprosaforfattarane frå verda og Noreg. Årets tema er "krise", i biologisk, geologisk, psykologisk, politisk og andre meiningar av ordet. Etterpå fagprogrammet inviterer vi til overskotsfest hos Fritt ord i Uranienborgveien 2.

FULLT PROGRAM LIGG HER: https://issuu.com/nffo4/docs/_nff_program_2019_a6_orginal_web3

Sikre deg billettar til arrangementa som går i Wergeland:

Antony Beevor og Mari Jonassen: https://sakprosafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/antony_beevor__lecture_and_conversation

Carstein Jensen og Kristina Quintano:
https://www.facebook.com/events/357917941584168/?notif_t=aymt_upsell_tip&notif_id=1569783341960963

Thomas Erikson og Anna Florén: https://sakprosafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/omgitt_av_psykopatar

Sissel Gran og Peder Kjøs: https://sakprosafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/peder__sissel__sant

Third Cultue Kids (Iselin Shumba, Kamzy Gunaratnam og Peder Kjøs): https://sakprosafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/third_culture_kids

GÅR DET TIL HELVETE? spør Norsk sakprosafestival 2019 og går rett til der det brenn, til krig, klimaendringar, samlivsbrot og flukt. Vi inviterer nokre av dei fremste ekspertane i verda på ymse kriser for å gjere oss klokare på dei mørkaste temaa. Krigsforfattar Antony Beevor held eit foredrag om «den største krigen», og danske Carsten Jensen om flukt, krig og klima. Vi skal sjå kriser i kvitauget, for krise kan òg bety vendepunkt. Frå då vi trudde på ragnarok, og ikkje minst
oppgjennom etterkrigstida har vi forteljingar om korleis folk byggjer nye og betre verder på ruinane frå den førre krisa. Kva kjem ut av krisene vi ser i dag?
Terapeutane Sissel Gran og Peder Kjøs går til time med kvarandre.
Eirik Lande held lysbildeshow med kontaktannonsar frå før Tinder og samtaler med Sissel Gran om kvardagskrisa: relasjonane. Kvifor er det så vanskeleg å vere kjærastar? Eller
å få kjærastar?
Både olje- og laksenæring skal under lupa på festivalen, og det skal også litterær slakt. Thomas Eriksons bøker har vore slakta på spektakulært vis. Men folk held fram med å kjøpe bøkene hans. På festivalen kan du oppleve Erikson i samtale om eige forfattarskap og om mottakinga av bøkene hans i Noreg.
Temaa er mørke i år, men målet er, som kvart år, at vi skal gå frå Sakprosafestivalen som opplyste menneske. Med oss på vegen ut får vi òg vite kva musikk kan gjere for noko godt med
tenkinga vår og måten vi taklar livet på.

Så vi rundar dagen av i ein optimistisk tone, med ein overskotsfest i Stiftelsen Fritt Ords lokalar i Uranienborgveien 2.

Alt unnteke arrangementa i Wergeland er gratis og ope for alle.

Festivalkomitéen er Kristina Quintano, Mari Jonassen, Maria Berg Reinertsen, Reidar Muller og festivalleiar Mette Karlsvik.

Kunstverk i bannar (c) Shwan Dler Qaradaki.

Sakprosafestivalen er stødd av Stiftelsen Fritt Ord, Kulturrådet og Oslo kommune, og er eigd av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening - NFFO.


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Powered by: Bloc